712. Jesus, du er den Himmelveg

1 Jesus, du er den Himmelveg,
Som til gud Fader oss leider.
Frelsa det er aa finna deg,
Liv og uvisnande Heider.
Du er all Skapnings Ljos og Liv,
Verdi daa enn i Myrker sviv,
Vinglande villt millom Graver.

2 Ljoset det inn i Myrkret skin,
Myrkret det ikkje vil fata.
Gud sende Verdi Sonen sin,
Verdi daa honom maa hata.
Han millom sine eigne stend,
Er daa av sine ikkje kjend,
Gjeng som ein Framand i Verdi.

3 Men dei, som honom tok imot
Og ifraa Myrkret seg vinde,
Dei, som i Tru med Bøn og Bot
Honom med Frelsaren kjende:
Deim giv han all sin Barnerett,
Føder deim atter til Guds Ætt,
Egger sitt Namn han deim kallar.

4 Frelsaren til sin Fader for,
Der han oss Rom vilde reida,
Sende so Anden sin til Jord,
Som oss til Sanning skal leida.
Han ved Guds Ord i Jesu Hamn
Viser oss Veg til Himmelhamn:
Jesus er Vegen og Livet.

5 Jesus, eg høyra vil til deim,
Som etter deg du kann nemna!
Lat meg ved deg til Himmelheim
Dagleg faa styra og stemna!
Utan din Arm i Miss eg gjeng,
Før du meg høgt paa Ørneveng,
Til eg i Himmelen hamnar!

Text Information
First Line: Jesus, du er den Himmelveg
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 3. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year: Third Sunday after Easter; Frimodighed og Glæde (3 more...)
Notes: Tone: Kirken den er et gammelt Hus (L. 589)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us